Speidere på isen


Riska Speidergruppe sitt bilde.
Foto: Elling Kåre Hansen

(Prøver meg på eit nynorsk innlegg denne veka.)

Denne veka har det vore veldig kaldt i den vesle bygda vår, og endeleg la det seg nok is på vatnet for å stå på skøyter. Me møtte opp på ein parkeringsplass og spaserte vidare opp til vatnet saman. Det va då ingen sti til vatnet så me gjekk langt opp i hutaheiti og dilta etter leiaren som gjekk fremdars. Etter ei stund kom me til eit lite vatn/myr, men det stemte jo ikkje. Leiaren ringte til de andre leiarane som allereie var med vatnet me eigentleg sko vær på. Nokon begynte å bli lei av å vente og satt seg ned og begynte å hogga i den vesle isen som var på myra, mens andre prøvde å finna ut kor me va på kartet me hadde med. Det viste seg at me ikkje va så langt onna der me sko vær og tusla vidare til der me sko vær.

Foto: Isabel Forné
Bilde av oss med feil vatn. Noen er lei av å vente og begynner å hogge i isen, mens andre prøver å finne ut hvor vi er.

Når me omsider kom fram hadde me ikkje så god tid sidan me brukte så lang tid opp. Me heiv på skøytene og hadde det kjempe kjekt. Nokon hadde kappløp, mens andre prøvde på triks, nokon syns det va veldig kjekt å hogde i isen og det va kanskje nokon små fyrverkeri som blei fyrt under isen, men det snakke me ikkje om😉.



Tida fløy forbi og før me viste ord om det måtte me begynna å gå tilbake til parkeringsplassen. Før me gjekk samla me oss i en ring på isen og fekk beskjed om å skru av hovudlyktene. "Sjå opp» sa den eine leiaren. Himmelen var nydelig og  stjerne klår. Eg hadde ikkje lagt marke til himmelen før nå og ein etter ein begynte ungar å peike på himmelen og ropte ut forskjellige stjernebildet som dei kjente igjen. For ein nydeleg slutt på møte. 



På veg heim begynte patruljen min å planlegga litt til krektsbannerkonkurransen i April. Kretsbannerkonkurransen er en konkurranse kor speidare mellom 5.-10. klasse konkurrere mot andre speidarar ifrå heile kretsen om å komma vidare til NM i speiding. Ska skriva fleire innlegg om det så det er barre og fylla med på bloggen. Abonner gjerne med å trykka på «Abonner» øverst til høyre.  

Kommentarer

Populære innlegg